Blogg

Ser at det ofte er klager på NRK , og den heilt jæv... lisensen. Og alle reprisene då....uff og uff. Det er sikkert ikkje repriser på dei andre tv-kanalane..

For min del så er eg happy med min NRK bruk:

Når eg står opp på morningen går det ca 15sek så står NRK radio 1 på med lokanyheter og varierande, stort sett ok musikk .etter min smak. Ok den musikken er vel ikkje meir enn 3 på ein skala frå 0-10, men til og leva med.

 

Når dei første 3 kaffikoppane er fortærte, formiddagsturen med frue og Dolly unnagjort..så er det P13’Stjernepose med mykje rock..Her kan musikken dra seg oppøve til ein bra 6er på skalaen. Vert det for mykje punkrock her så finn ein attende til P1 til nitimen/reiseradion. Vert det for mykje MGPmusikk her så finn ein P13 att og til og med The Clash vert ok. 

Så er det tid for ein høydare som Utakt er ..i timen mellom 11 og 12. Her er det to Rogalenningar som herjer på ein god måte, med det meste.  Så glir det øve i Norgesglasset i 12 tida og utøve til ein skrur ned og finn på andre ting. I helgene er det jo naurmagasinet og poquiz som er eit must.

Men altså, bortimot 6timer med stort sett god, nesten glimrande  radio…kjemisk fritt for reklame.

Og eg synes at NRK TV klarer seg stort sett bra mellom andre kanalar…også her med eit minimum av reklame. Gode sportsendingar, gode debattar ..osv, osv.

 

Ein ting som eg så visst skulle klart meg utan er det tilgjorte svære inteteressa for MGP som er i denne kanalen. Til dette mølet går sikkert mykje av lisenspengane våre, Desse pengane kunne vore brukt for å sikra dei lokale nyhendesendingane på kanalen.

 

Trass i dette så eg betaler med glede NRK lisens for å få kvalitet. Eit liv med  teks radio Norge og TV Norge, med kvarter lange reklamesendingar innimellom filmar og sportsendingar ..hadde vore eit fattigare liv og nesten ikkje til å halda ut her i denna heimen.

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.