Blogg

Om det er Vårherre eller det er evolusjonen som står bak, skal vera usagt her, men i alle fall så er det vel «kjemien» som kan oppstå mellom han og ho , som er grunnen til at vi menneske er såpass talrike og at vi er der vi er , på godt og vondt. Denne «kjemien» har vi vel alle i og med oss, det å kunne få eit godt auge og rett og slett lyst på det andre kjønn. At nokon av same kjønn kan ha eit godt auge til kvarandre må vi vel også kunne godta.

Tenker vi evolusjon, så kan vi jo skylde på forfedrene våre. Vi kan jo berre kaste eit blikk over gjerde i dyrparken på vår ven Julius og damene hans, eller rett og slett sjå på ein film av Attenborough , så ser ein kor vi har det ifrå. Viss det er gale, så kan jo apene berre skylde på sine forfedre og så videre.

Om politikerar som yrkesgruppe har denne «kjemikjensla» i sterkare grad enn oss andre dødlege er eg ikkje sikker på , men kanskje det er slik. Det kan jo forklara den aktuelle situasjonen som er no. No høyrer vel eg til dei som  synes at tungekyss og klamme hender på ein rygg ikkje høyrer til dei verste «brotsverka» i boka. Vi har jo  dei politikerane som tok dette eit par hakk videre og hadde skikkelig nærkontakt. Ma hadde vi ein her, i nærområdet som rota seg opp i ein slik situasjon. Men men her var jo også nærkontakten av det litt unge slaget. Mange var forbanna og politikeren slapp ikkje unna, men her slo ei  heile halvøy  ring rundt sin ordførar . Dermed så måtte også partiet bita i det sure eple og ta han inn i varmen igjen, mannen var jo ein flink politikar. I dag er han industriminister , ein god ein ,etter mitt ringe skjønn.

Vi er vel for få og har for lite makt vi som prøver å slå ring rundt tungekyssaren. Men kanskje han ein dag vert tatt inn i partivarmen att. Under har hendt før..også i politikken.

Og vi kjenner jo til at politikerar på den absolutt øvste hylla ,ikkje alltid hatt styr  på sin eigen «kjemi». Amerikanske presidentar er ikkje noke unnantak her. Både han som: «I never had sex with that woman» og teks Kennedy var jo døme på dette. For ingen som har sett Marilyn Monroe sin «Happy birthday mr president» på youtube kan vel ikkje vera i tvil om at Jon F hadde seg med dama? Og det medan Jackie låg mellom silkelakner i det Kvite hus og nannyen passa ungane.

Den same Jackien havna jo mellom lakenene til Onassis, men det var jo etter tragedien i Dallas. Og ein kan jo sei at Jackie kanskje ikkje hadde så mykje av denne «kjemien», men havandes vett , det hadde ho.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.