Ser at «De grønne» har strekkt nasetippen ut av Oslo og Bergenslufta og har funne ut at det er eit land der ute..eit land med fjorder og fjell og litt til. Sjefsidiolog Rasmus Hansen slår fast, noke som ein del av oss
allereie har visst noken år no , at målsettinga om ei 6 dobling av volumet til norsk lakseoppdrett er heilt uforsvarleg og må skrotast. Hansen seier at oppdrettspolitikken sia 2012 har vore styrt alt anna enn forsking. Legg på 40år
her Hansen så er du inne på noke.
Men som Hansen skriv i eit lesarinnlegg så er det vel sia 2012 at dåverande fiskeriminister Lisbeth Berg -Hansen lanserte dette med 6 dobling. Var ikkje denne fiskeriministeren sjølv oppdrettar
? Men klart så vart desse våte draumane adoptert av dei neste ministrane ..utan motforestillingar. Og den noverande fiskeriministeren «Komiske Ali» vil jo gjennomføre dette om han skal legge brakk all forskning som
går imot denne voldtekten av fjordane våre. Det ser også ut som dei politiske spissane i nærområdet går inn for dette utan motforestillingar. Dei ev motforsestillingar forsvinn så lett så lett når
sjekkar frå næringar på 8 sifra beløp kjeme dalande inn i pressa komunekassar. Ka anna næring kan skaffa seg slik goodwill her ute i distrikta. Money talks, money ruler.. Eg ser på slike «gaver» som at
det er lett å trekka korrupsjonskortet når slik skal forklarast.
Men det er med glede at Mr.Hansen og sikkert partifellene hans går imot dette.Stå på som du stevner Hansen , så kanskje du karer deg over sperregrensa
til neste valg.
I dagens HA kan vi lesa meir om moralen til oppdretterane. Oppdrettselskapet Bremnes Seashore og dykkerselskapet AD Offshore . er bøtlagt for å ha skåret opp nota og dumpa 15tonn død laks i havet. 300000 i bot
kvar av selskapa pluss 5, 15, 20 tusen på diverse kjeltringar i selskapa.
Vi beklager det som skjedde seier dagleg leiar Einar Eide i Bremnes Seashore..Eg spyr!. Dette er småpenger i denne næringa. Skulle fått
beskjed om å legge ned spør du meg.
Om ikkje dette var nok så vert det i Grannar skreve om den nyaste skrekken i oppdrettsnæringa: Amøbegjellesjukdom AGD. Kom til Norge i 2006 og det har vore utbrot dei 5 siste åra
frå Agder til Trøndelag. Nyleg var denne sjukdommen oppdaga på laks i stoltheta , den lukka merden ute på Molnes. Konsekvensane er visstnok ikkje så farlig seier oppdretterane, vi behandler samtidig som vi behandler mot
lus. Enkelt og greit…har vi ikkje høyrt det før? Og mattilsynet anbefaler at AGD ikkje skal listeførast i fiskehelsedirektivet og det skal ikkje setjast inn offentlege tiltak imot sjukdommen (?)