Blogg

Det er søndag , fredelig og rolig . Fint vær. Egentlig fint vær til å arbeide ute også . Men eg lover mine naboar ,på tru og ære , at eg ikkje skal prøvestarte to nyinnkjøpte, litt eldre påhengsmotorar. Eg skal heller ikkje starte høgtrykkspylar for å vaske av den eldre nyinnkjøpte 14fotaren, sjølv om eg har aldri så mykje arbeidslyst. Eg skal sei til arbeidslystgenet mitt at det er søndag og at det skal herska fred og ro. Thats it. For det står visstnok i den store raude boka,  Norske lover, at det er slik det skal være.

Den store raude boka har nok ikkje underleverandørane til Vegvesnet studert godt nok. Under vår, Solf. og min, morgenturseanse, med bil og til fots , passerte vi to ivrige arbeidsame med kantklipperar som pynta på utkjøyrslar på 134en. Kantkløpperane var av 2takts sorten , med støynivå måla i desibell som eit lite privat jetfly.

Den eine jobba som svetten sila berre eit par steinkast frå ein av Etnes mange kirker. I ei kyrkje der presten nok la siste hand på ei preik som skulle få dei frammøtte til fatte nytt mot.

Det er vel ikkje så greitt for arbeidsame underleverandørar å halda seg på den smale søndagske sti når det gjeld ka som er lov eller ikkje lov å gjera når ein er utøvande. Kanskje språket er ein barriere?  Spesielt viss ein er langt austanifrå . Kanskje var det eit helgetilegg på ein 5-10 kr timen som freista..Alle monar drar når ein kanskje til vanlig berre tener eit halvt hundre i timen.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.