Blogg

Til vanleg så høyrer eg ikkje til dei som går rundt og er misunnelig på mine medmenneske. Dei får gå i fred om de har ei fortid som lottomillionærar eller om de nett er komme heim frå ein langtur og har stort sett hatt fina været.

Men det er ein art som eg misunner litt og det er dei som i dag skal gå inn eit avlukke, dra att palstforhenge og berre styra høgre armen bort for å plukka ut den rette stemmesetelen. Altså dei som er så faste i si overtydingar dei kjenner tyngde og at den indre ro dett på plass når du har lagt denna setelen inn i konvolutten klar til å senkast ned i stemmeurna. Dei kjenner med seg sjølv at dette sjølsagt er det rette for seg  og fedrelandet.

Dei er ikkje i tvil om at AP ikkje har endra seg og har gått Høgre ein høge gong. Dei er ikkje i tvil om at desse to same partia har rett til å gje blaffen i om folkeoponionen vil reforhandla EØS. At folkeviljen ikkje treng å taes hensyn til.

Eller eg misunne den som i går gjekk til alters , drakk av tinnkruset, åt kjeks og tok seg grådig av vaflene til kirkekaffien. Dei som legg den framtidige skjebne i vårherres og ein småbarnpappa frå Bømlo si hand. Ingen vingling med høgrehanda der..rett stemmesetel.

Misunne dei som er frå Oslo aust, tar Rødt si liste for de er leie knivstikking og steinkastinga i Grorudalen.

Misunne dei som trur på Mpg sine dystre tal at   det er fleire hundre som  er daua i Oslotrafikken , ikkje pga av påkjøyrsel og kollisjonar, men av svevestøv. Og som no forbyr all billisme og ryddar plass til sykkelistar. Oslo vil med andre ord sjå ut som ein vanleg millionby i China såg ut for 50år sia, fulle av «glade» folk på DBS.

Er litt misunnelig på dei som har lest seg opp på Venstre sine valløfte, ka no iallverda dei er?

Er også litt misunnelig på Solf. som har begynnt å lika Mr. Lysbakken litt for godt (her kjenne eg nesten noken sjalue stikningar).

Er også litt misunneleg på dei som har kanonisert Sylvi. Som ser ei lysande Jeanne D'arc, om det er i beiskaste laget  det som kjeme ut av munnen og i handlinga.

Og eg misunne dei som har falle for det vakre smilet til Trygve..eit smil frå ein trutmunn som kan gjera sjølv ein Toft misunneleg. (Her er også undertegna litt på gli)

Og eg veit at i dei to sek med betenkningstid når eg har trukke forplastforhenge og strekke høgre armen ut, kan alt henda. Ja ikkje alt då.

Godt val.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.