Blogg

Partileiardebattar er nesten blitt tvilsame underhaldning. Eg såg ikkje heile i går , det må vera sagt, for eg gjekk til køys tidlig. Om det var at eg var skikkelig trøyt eller om det var innhaldet i debatten er eg ikkje sikker på…det var nok ein kombinasjon. Det var nesten løylig då partileiarane sto å vifta med dei grøne skilta på spørsmål om dei skulle avskaffa heile oljeindustrien og satsa på at det som rullar på vegane skal vera elektrisk. Her har Rasmus Hanson gjort ein formidabel misjonærjobb i førekant. Han har greid å samla , i alle fall dei frå hovedstaden, i ei ,for han, grøne bølga. Kor vakker grøne farge denne bølga har, kan me nok stridas om. For her er klaffane til politikerane sett godt på. Dei vil ikkje høyra at det kan vera noke negativt med det å produsera elbilar, batterier og ladestasjonar. Og dei same elbilane går jo ikkje på luft og kjærlighet . Dei treng straum. Dei fysiske lovane her er udiskutable; Det skal lika mykje energi til å forflytta ein el bil frå A til B som om den gjekk på det avskydelige drivstoffet diesel. Skal vi bygga opp ein bilpark som kun går på elkraft, så må vi bygga ut kraftreservene våre. Freda vassdrag er plutselig ikkje lenger så freda. Fossane (dei som er att) er slett ikkje trygge lenger. Snikubygging av vassdrag som det er no..med ein aukande andel minikraftanlegg kjeme til å auka. Svære vindmølleparkar vert etablerte på ei fjellhylla nære deg. For vi må huska på at vi skal selga kraft ut av landet også. Litle Noreg ska frelsa resten av Europa frå atom og kolkraft.  Om prisane stig på elkraft her heime spelar inga rolle, EØS har tala og Noreg er igjen best i verda …Hurra.

Men litt attende til partileiardebatten og dei grøne ja og nei skilta. Partileiarane minna meg om ein skuledag i første klasse på folkeskulen (det er vel grunnskulen det heiter i dag), der nystrigla elevar ivrige rekte opp handa…»høyr meg, høyr meg frøken». For alle hadde gjort den leksa med «grønnt» innhald i førekant…den leksa som Mr Hanson hadde innprenta dei.

For min eigen del var det skuffande at dei heiderlige unntaka i «dei nystrigla» var det parti som eg ikkje kjeme til å ha i tankane når eg står inne i avlukke og skal finna stemmesetelen. Til det står dei så heil fjernt i frå meg i andre saker. 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.