Blogg

 

Sentraliserings spøkelsa jobber nesten alltid i det gjøymde. Dei har fått sine direktiv frå dei styrande i landet. Dei der oppe som er så gudsjammerlig leie av å sjå på at småe einingar lever og trivest utover i landet. Nei det skal vera store einingar og helst bli drevne frå større byar..dermed basta ..ellers. Og dette har jo vore politikk sia 70 åra. Men no set dei styrande, dei der oppe , makt bak orda . No er det slutt på det sletne «By og land hand i hand» .  No er det berre By igjen.

Dette gjeld jo sjølvsagt også kraftindustrien over heile steinrøysa. Velfungerande småe kraftlag, med viktige arbeidsplassar på bygdene vert lagt ned eller dreve av sentraliserte store kraftselskap.

Det blir innlemma og fusjonert til den store gullmedalje. Har sjølv vore «offer» for fusjonering(spøkelse?)  Frå den eine dagen til den andre vart eg skikkelig pendlar med 12 køyrde mil kver dag,til og frå arbeidsplassen. Nye teknologi var grunnen til at vi måtte drifte alt som var av linjer frå Haugesund. Å drifte dei frå vår ståstad  heilt utenkelig, sjølv om teknologien  var der.

Men no altså, slår spøkelse til att og Skånevik og Ølen Kraftlag skal inn i varmen til Haugaland Kraft. Grunnen er nemde krav frå dei styrande og at då må det eit samarbeid på plass….ellers.  Varmen og varmen.. Her er det vel rettare å sei at SØK vert ete opp av storebror i sør. Med økonomar i sjefsstolane (det er sjølvsagt heilt slutt på at det er folk som er utdanna i yrket som sit og styrer) er dei drevne med å forhandla og det gjere berre godt å bli større og større. Her er det meste på stell, og det er god mat i kantina til kraftlagstyrer som kjem med huva i handa og skal forhandla om arbeidsplassar som renn og renn ut i sanden. Joda eg har sett deligasjonar frå forskjellige lag og kraftlag komma og gå der nede på Pentagon i Haugesund . Eg har jo jobba der nede i mange år. Deligasjonane kjem med sletne PCvesker og vert tatt godt imot . Men det einaste dei kanskje reiser attende med, er det å vera mett på gode rekesmørbrød. Kanskje ikkje så mykje å slå i bordet med når ein kjem heim.  

Økonomane i HK er vane med å forhandle om oppkjøp i milliardklassen og ka er då eit eit lite skarve kraftlag? ..det er «no match».

På Leknestangen vert det nok stilt og øde, men arbeidsplassane , kor nå folk må stilla opp hen, skal visstnok bestå , enn så lenge. Pendlarlengda vert nok lengre enn det som eg måtte slite med.  Men blir den øve smertegrensa , så flyttar sjølvsagt folk. Og Skånevik blir ennå litt meir utarma… Men det er vel slik dei styrande, dei der oppe,  vil ha det. Og ka betyr arbeidsplassar for oss vanlege folk som les om dette?  Nettleige vert visstnok billigare, enn så lenge, så då så.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.