Noko av det som er kjekkast å lese i våre aviser er lesarinnlegga. Her har grasrota sjangse til å boltra seg litt , og det kjeme mange aha opplevingar og hoderistingar når vi med stor interesse ,les synspunkt frå våre
medborgere.
Men i den siste tida er dei fleste av innlegga skreve av durkdrevne politikerar. M.a. i dagens HA er det av dei tre leserinnlegga skrevet av politisk talsmann for ditt og bystyrerepresentant for datt. Altså ikkje eit einaste
lesarinnlegg frå vanlig dødlige er funne verdige og velskrevne nok til å bli tatt inn. Dette er jo synd og skam for ei avis som skal famne om alle sine leserar. Leserar som gjerne har støtta opp i år etter år
for å halde den og den avisa flytande og at folk i redaksjonane har sloppet å gå på NAV.
Ikkje eit vondt ord om at politikerane skal få sleppa til og skryte av sine eigne evne til å ta tak i ting og kanskje som eit
under har løyst saker for sine veljerar. Men då må avisene gje dei sin eigne spalteplass , kanskje som politikerane sitt eige hjørna og skilja vanlege leserinnlegg frå dette . Å skryta og lova kan de vel og fortsetta med
i dei kulørte partiprogramma som blir delt ut før kvert val og som vel ingen lese. Dei fleste av oss har vel lest Asbjørnsen og Moe tidlegare.
Om det er skrivemåten eller retorikken til vanlege folk som ikkje er god nok så
er dette ei trend at innlegg i dei større riksavisene som ma i Klassekampen . Her må du nok vera amenunsis eller stipendiat av eit eller anna slag for å få noke på trykk. Aller best er det å ha nokre 10 minuttars
«fame» på CVen frå stuidoet i Dagsnytt 18. Då er du nok sikker på å få dine synspunkt til trykking.