Blogg

 

Eg tenker på at om Magnus Carlesen skulle tapa imot Sergey Karjakin ,så er ikkje han den verste å tape for. Han er ein ærlig , noverande russer ,som kom frå Kramatorsk, Ukraina.  Ein enkel greie gut som kom heim på besøk til sin babusjka med større og større koffertar fullstappa med rubler , etter kvart som han banka andre enkle greie russerar ved sjakkbrettet. Men no sitt han altså på ein suite på Manhatten med Putinskjorta si nedi ei bøtte med biotex, og ventar på å setta inn nådestøtet mot vår mann på mandags kvelden. Og det kan godt hende, for han er ein stor sjakkspelar ,ein mesternes mester kanskje?

Nei eg tenker viss Carlsen hadde møtt ein «ufyselig fyr» som Bobby Fisher, då hadde det vore noke. Ein fyr som var så «ufyselig», at han til og med vart person non-grata i sitt og Trump sitt heimland. Det veit vi var godt gjort .

Elles er det jo bra at denne store kampen snart er over. Den må ta på seg skulda for mange trøtte norske sjeler, for at mange mislukka tentamenar, exsamenar, og jobbinterjuver som gjekk skjeis. Det norske arbeidsliv går nesten på halve maskin ..desse dagar. Til og med oss pensjonistar har får problemer. Vi er så trøtte at vi gløymer å stå opp på natta for å pissa. Nesten eit guds under at det er tørre laken på morningane.. Men vi strir oss nok igjøno alt dette i lag. Og snart er det til og med juleferie..

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.