Blogg

Tenk deg at ein storby som Mexico City , ein by på bortimot 20milionar, hadde hatt fritt utslepp. Det hadde blitt eit formidabelt forureining scenario.. Miljøaktivistar rundt om , hadde tatt av, FN hadde sanksjonert, mur hadde vel blitt byggd rundt som beskyttelse. Men slapp av, Mexico City har vel mange renseanlegg og sikkert full kontroll over forureininga.

Det har ikkje ei norsk laksenæring ,som har like store utslepp som vel verdens største by. Her er det ingen renseanlegg som tar seg av avfallet og giftig lusemedisin .  Alt havner i norske fjorder, legger reke og småfiskfelter døde. De siste er jo mat til større fisk, så da veit vi at det går rett vest med de også. Luseplagen har jo nesten tatt knekken på sjøørretstammen og  atlanterhavske villaksen er jo så sterk redusert at mange elver har hatt fiskestopp både på 5te og sjette året.

 I forskningsverda er du enten med eller mot oppdretterene. Forskning som kan sette dei eit negativt ljos blir trenert og dei forskerane som kjem med dette ,blir svartelista og får aldri meir jobbe for oppdretterane. Dette vart belyst i Brennpunkt NRK.

Miljømessig er altså dette noke av det verste som har ramma Norge de 40-50 siste år.

Men det skulle ein ikkje tru. I «verdens beste land» også på miljø, har  dette blitt skubba under teppet i mange år. I miljøbeveglsene som Gønn ungdom, Mdg, og Bellona kjem det ikkje eit pip om dette. De har meir enn nok med å heve dieselavgifta  og spenne bein for den norske Oljeindustri, for da skal ein redde verda. I storpoltikkens verd setter Krf s wonderboy frå Bømlo eit «rettferdig» krav om høgare avgifter om alt som har med  brennstoff å gjere.. I hans nærmaste bakgård er det på hundrevis av oppdrettsanlegg som spyr ut dritt i fjordane, men det spiller visstnok liten rolle . I den verda er også dei andre politikerane på tinget. Ein kan undrast om gratis røykelaksesmørbrød og andre smøregoder er skikkelig innarbeidde der i gården. For det er ikkje politisk vilje til å krevje desse miljøbombene opp på land. Hvis det hadde det, kunne vi hatt kontroll med all forureininga , medisinbruken  redusert og luseplagen nullstilt.

Vi veit jo at det er noken som lever fett av næringen. Den generer jo arbeidsplasser, men den utraderer mange arbeidsplasser som er fiskeribaserte også. Reketrålere, sjarkfiskere og andre må berre legge opp fordi det rett og slett ikkje er fisk lenger.

Vi kan ikkje forlange ei så stor næring død, men vi kan og må forlange den opp på land, slik at vi får kontroll på utsleppa. 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.