No når vi har landa litt, fått tenkt oss om, så er resultatet frå valet i USA så heilt uventa? Laga ikkje folket i GB eit like stort jordskjelv i sommar då dei fjerna seg frå EU med Brexit? Har ikkje vi gjort
det sjølv ved å sei nei til EU 2 gonger?
At Trumps velgere heile tida , frå det etablerte norske presse og TV var nedvurdert til å vera uutdanna menn som hovedsakelig sto bak ,kunne vel ikkje vera meir feil. Det var vel den
vanlige mann i gata uutdanna eller velutdanna som var lei det etablerte . Som var lei at dei heile tida måtte jobbe for luselønn mens dei store selskap og firmaene skumma fløten. De var lei utflagging , som vi også ser her til lands
, for at inntjeninga skulle gå ennå eit hakk oppover. De er/var som engelskmenna og vi også med våre 2 nei, mot den aukande grådighetskulturen. Vi har den tilgangs her i landet også. For her er det to styrande høgreparti,
Høgre og Ap og sjølsagt også FRP som legg alt til rette for denne kulturen.
Men tilbake til USA så er det klart at valget rister det etablerte skikkelig. No er det nye koster som koster i Washington. Koster dei gamle byråkratene
ut sammen med den gamle makta. Hadde det no ennå vore ein meir spiselig sjefskoster kunne vi og mange amerikanerar vel ha ønska oss. Men kanskje må det slike «halvgærne» til, blotta for det som er in og gjengs.
Men
langt over halvparten av amerikanerane har sagt sitt. Og er det noke eg har respekt for frå «over there» så er det musikken og folket.