Eg ser med beundring på folk som stadig vekk tar timer av si eiga fritid og jobber dugnad. Dugnadsarbeid er jo sjølve limet i lag , bygder, borettslag , bustadfelt, bydeler, frivillighets sentraler, etc. Noen av oss har
alltid tid, seier alltid ja. Alle nyter godt av disse. De kan kjøre jentelaget på kamper i nabobygda, de stiller opp på loppemarkeder, går på dørene og samler inn, bake kaker som blir brukt i premieringa.
Går vakt i marknadstidene. Det er ikkje ein ting som de ikkje stiller opp på. Noen får si tid i rampelyset, heilt fortjent, på TV , etter at de har bak seg hundrevis av timer som trenere og tilretteleggere. Men de fleste får
i de fleste tilfeller berre eit takk og ein kopp kaffe før ein køyrer heim. Og er fornøyd med det.
Før i tida, kanskje for over 30 år sia var det sjølsagt å stille opp når arbeidskamerater som
skulle bygge nytt hus. Vi trilla betong på ustødige gangvegar å tømte oppi forskalingsformene. Penger spart for arbeidskollegaen og hyggelig lag med både kaffe og noget attåt. Kanskje det var nye klubbhus, klekkeri, eller
anna som skulle bygges. Ofte vart hovedjobben gjort på dugnad.
Forskrifter , meir effektive betongpumper og oa som tidsklemma, har det minka på desse aktivitetane. Dørstokkmila har blitt lenger og tråere for meg og oss
alle.
For dei som ennå er lette å be eksistere ikkje dørstokkmila.
Av og til klare eg å gå denne dørstokkmila, som i dag . Og koste meg med ein 3-4 timer med folk som du elles ikkje ville ha jobba eller truffe
for å slå av ein prat med. Og eg innbille meg at havneanlegget til båtforeninga er litt sikrare for å ta imot ein vestlandsstorm enn før..