Blogg

 Ein leser jo om «trygdemisbrukere» (berre ordet eller begrepet er jo hausa opp imot nesten det å vera bankraner eller voldtektsmenn (kvinner).  De får som oftest storoppslag i aviser og strenge straffer som fengsel. Og det å må tilbakebetale urettsmessige inntente penger til systemet er ein selvfølge. Familien rundt lider sjølsagt over dei negative omtala. Dei har fått ein tøff kriminell i sin midte. Dette og meir til om du har fått meir i støtte frå NAV enn du burde ha fått. Kanskje har dette pågått og bala på seg i noken mnd. Du burde sjølsagt ha sagt ifrå..men latt det skura og gått litt. Det burde du sjølsagt ikkje gjort..haukane er snart øve deg og sett tinga på rett plass. Kanskje med rette, men kanskje kan det virka mange gonger som at de skyte spurver med kanon.

For visst det hadde vore NAV som hadde gjort feil og det var du som skulle hatt meir utbetalt, kanskje over mnd eller år,,rister berre systemet på seg , dei beklager ikkje ein gong. Ingen vert stillt til ansvar, langt mindre får straff for dårlig utført arbeid. Mange som sitter i desse stilligane har nesten som eit motto at det nesten er ifrå si eigen lommebok de betaler ut. Saker blir trenert. Søknader berre forsvinn i systemet…Om det kjem klagebrev frå deg eller sivilombudsmann over urettferdig behandling..preller av som vann på gåsa. De er som ei stat i staten ..dei også.

Før det vart kalla NAV på 90talet hadde eg min eigen oppleving av systemet: Som nyskild og med ansvaret for to gutter , spurte eg daverande fogd (Lensmannen i Etne)om det var eit statleg bidrag utover barnetrygd som eg hadde rett på .  Svaret var negativt og eg slo meg til ro med det. Eg ville ikkje krevje exen for ho hadde ansvaret for yngstejenta og hadde ikkje store inntekta. Dette var på 80talet og når vi diskuterte dette i vennekretsen , var det mange som meinte eg hadde rett på eit statlig bidrag. Men åra gjekk no, økonomien gjekk så vidt rund med nyopp sett hus og ei inntekt. Så tidlig på 90 talet gjekk eg til den nye fogden ( den nye lensmannen) og spurte han om dette. Svaret eg fikk var at naturligvis hadde eg rett på dette. Opprømde og glad gjekk eg heim og rekna på kva staten skulda meg. Eg kom til den nette sum på over 70000. Ein flotte sum på 90talet. No skulle det vera slutt på å vera gnien og sparing på ei stund. Men nei..Det vart berre etterbetalt noken få tusen for 3-tre mnd.

Så slik er systemet, om de har tabba seg ut som gamle lensmannen her gjorde, så har det ingen konsekvens. På toppen av alt fekk eg til svar frå han koffor han ikkje opplyste meg om denne ordninga var at det burde eg funne ut sjølv, kontoret var jo fullt av hjelpsomme foldere . Eg fekk fnatt av ein slik behandling og burde jo annmeld han og gått til retten med det. Men eg orka ikkje det og  i ettertid så veit eg at eg gjorde rett. Det var forskjell på kong Salomo og Jørgen hattemaker på 90 talet også. Som det er i dag.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.