Blogg

Eg har gjort store endringar i kveldsbøna mi.

Nye utgåve vert:

 

Kjære Gud forlat dei, for dei veit ikkje kva dei gjere,

Ja Gud det er jo sjølsagt politikerane våre eg meiner.

Denna gongen er det politikerane på Stortinget eg meiner Gud.

Desse politikerane må vera historielause Gud.

Dei har ikkje fått med seg at vi, her oppe i steinrøysa ,

har stemt nei til EU 2 gonger.

For å snu litt på flisa Gud, så tyder dette at vi sjølvsagt vil bestemma sjøl .

Men når til og med Ap( vel ikkje så overraskande Gud)

vil snikoverføra makta vår til Brussel, gråter nok englane i KRF

og dei meir jordnære i Senterpartiet .

Men du Gud har makta til i alle fall og sjå til

at desse andre villfarne politikarane aldri,

i eit ev neste liv vert akkurat ja…..politikere.

Eg stoler på deg i denne saka Gud, at du fikser at dei villfarne

I sitt neste liv , vert ein blom i strandsona på Åkrasanden

Eller ei terna i Sognefjorden.

Kanskje ikkje ei terna Gud, for dei er utryddingstrua.

Dei svelt Gud , for lokalpolitikerane vil ha meir og meir

oppdrettsanlegg som er storforbrukerar av maten

som terna skal leva av.

Men vi får heller lage ei anna bøn som handlar

om lokalpolitikerane Gud.

Vi kan ikkje vera for kravstore til deg Gud

Vi får spara litt til seinare.

Amen.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.