Blogg

236

236 laks (vill laks) er på veg opp i Etneelva. Elva åpnar for fiske den 15ende og held åpent eit par mnd. Den har vore stengd sia 2013, men no tek dei sjansen på opning, med forskerane si velsignelse. Lokalavisa Grannar har rekna på at det genererer 2millionar kr til lokalsamfunnet. Viss i tenker på at ”før i tida” , for 10- 15 år sia , var det fiskeåpning frå 1 mai til 25 sep., Nesten 5mnd altså. Eit greitt reknestykke er at det ville lagt att i alle fall over 4mill i 2016kr. Dette var før lusa frå oppdrettsanlegga  la si klamme dødlege hand over smolten og smålaksen som skulle ut i storhavet å gjera seg feit. Eller større fisk som var på veg inn imot si føde elv att for å gjera si plikt til å føra slekta vidare.  Ikkje enkelt å vera vill laks å gå spissrot inne i fjordane i mjødlo alle ”sikre” oppdrettsanlegga. Frå desse ”sikre” anlegga rømmer det tusner på tusner med oppdrettfisk kver einaste mnd.    Eg må sitera Bjarte som skriver om dette ærleg og godt:    ”  En industri som slipper ut mer kloakk i Hardangerfjorden alene enn byene Oslo,Bergen,Trondheim og Stavanger by tilsaman. Med tanke på at dette tilsvarer kloakk fra mer en 1million mennesker hver dag,virker dette for meg ganske skremmende. En norsk familie får i dag ikke byggeløyve hvis ikke hvert gram kloakk blir renset,men en vanlig familie blir vel ikke regnet som noe bærekraftig og nyttig i dagens samfunn. Når en nå er inne på det å være bærekraftig så kan eg heller ikke helt forstå at en industri som må fange 5kg annen fisk for å få lage nok fiskemel og olje til å alle opp 1kg med laks kan kalles bærekraftig,men skal slå opp i ordboka så kanskje eg fårstår dette bedre. Men en ting vet eg, røykelaks er sabla godt om det er bærekraftig eller ikke.”

Enig med Bjarte at røykelaks er godt, men kan dei ikkje få anlegga sine opp på land då?   Vi har masse ubrukt kyststripe som dei kan bygga på. Klart det vil kosta meir for oppdretterane ..men alternativet veit vi, det er verre.

No er det også slått varsko om at  div sjøfugl, ma terna har det minka kraftig på. For min del trur eg at det vert fiska hardt etter tobis , brisling og sild, fisk som vert mala sund og brukt til fiskefor i oppdrettsnæringa.

Kor lenge skal ei slik næring ”valsa” øve alt og alle som er glade i miljøet i og rundt fjordane våre. Ka som skal til for å vekka politikera som stemme for å få meir og ennå meir av dette svineriet . Er det dette politikerane kalle for bærekraftig industri? Ein kan jo berre tenka på alle dei andre sakene som politikerane stemmer ja til, som er bærekraftige , når dei ikkje har gangsyn og evne til å setja seg skikkeleg inn i saker før dei stemme ja til fleire oppdrett i sjøen.  Dei argumentera med arbeidsplassar, men klarte dei ikkje å setja seg inn i at eit sportsfiske generere mange millionar attende til lokalsamfunnet.

Mange har spurt meg om eg ikkje skal fiska i år. Eg veit ikkje, har nå bunde noken Black Doc, og Peter Ross, så eg er for så vidt klar. Men eg veit ikkje om eg har hjerta til å drepa villfisk, viss eg får ein på land. Det er så få av dei . Vi er langt ute i juni ,og eg synes at 236 laks ikkje er så mykje å skryte av.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.