Det bygges småkraftverk øve ein låge sko. Freda elvar er ikkje lenger så freda. NVE er rause med å gje løyver. Litt etter litt kan våre fossar, dei som er att, forsvinna. Eg har jo vore kraftstasjonmann
heile mitt vaksne liv , og vore med å byggd opp småkraftverk for 10-15 år sia. Då syntes eg ikkje at det gjorde noko om vi byggde ut, syntes ikkje det vart noko særleg store sår i naturen. Men som vanleg så har ting
ein tendens til å utarta seg. Over 400 er allereide utbyggd og fleire hundre fleire er under handsaming for å byggast ut. Samla så kan desse småkraftverka stå for 10% av vannkraftutbygginga vår. Dei finn alltid på
unnskyldningar til å gje løyve. No vert det visstnok betring av klimaet pga av at Europa elles slepp å fyra opp kullkraftverka sine. Om eit titalls fossar og stryk går med , spelar plutselig inga rolle. Vi må vera på vakt
og kanskje lenka oss fast att . Vi trudde vi hadde ein bomsikker plan for å verna våre elvar og fossar, det har vi ikkje.