Blogg

Av og til berre dette det ned i hovudet på deg, det at du eigentleg har hatt flaks. Flaks at du har levd i ein slik periode at du har fått med deg Hank Marvin and The Shadows som backa opp Cliff tidleg på 60talet. Elvis såg ein på kino frå vakre strender i California. Etterkvart var det Beach Boys som øvetok med surfebrett og fleirstemt song . Så var det å skunda seg heim frå skulen , slå på Blaupunkten på langbølge og få inn BBC. Her dukka det opp musikk som skulle vera med deg heile livet. Manfred Mann, Byrds, Dylan, Beatles, Stones, The Who og..og. Etter mørkets frembrudd fikk vi inn Radio Lux og seinare Radio Caroline.  

Eit år til sjøs og av dei eit halvår med trampfart på den engelske kysten fekk ein oppleva nokre av heltane i levande live. The Blueflames, Alan Price..++

På kysten av Statene var det berre å dreia Radionetten oppe på dekk så raste Four Tops , Temtations, Ventures,  ut av høgtalaren. For ei tid som åpna opp musikkens verd for oss. Vel heime i 67 hadde Stones nett komne ut med nye LP. Det kunne rett og slett ikkje verta betre.

 

Eg synes litt synd på ungdommen i dag som får sin musikk inn via idiotprogram som Idol og må ty til VG lista for påfyll…

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.